Talent.com
This job offer is not available in your country.
Fastlege

Fastlege

Hå kommunevarhaug, NO
6 days ago
Job description

Hå kommune

Fastlege

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ledig fast stilling ved legekontor i Hå.

Vigrestad

Kontoret fyller 40 år og kjernepersonellet har vore der heilt sidan starten. Kontinuiteten er difor absolutt på plass og trivselen er høg.

Legesenteret på Vigrestad består av 6 fastlegar , lis 1 og samarbeidande personell som hovudsakleg er sjukepleiarar. Det er gode rutiner for samarbeid og bruk av sjukepleiarane til vurdering der det er fornuftig. Fastlegetenesta er godt integrert i den øvrige kommunale helsetenesta, me har og psykolog som arbeider på tvers av legekontora med pasientbehandling, veiledning og rådjevning.

Kommunen arbeider med å leggja til rette for ytterlegare fastlegestillingar så om du tenkjer det er aktuelt å testa ut fastlegeyrket som vikar må du gjerne søkja her og skriva dette.

Hå kommune har 22 kommunale fastlegeheimlar fordelt på tre legekontor. Me har gode ordningar for utdanning og rettleiing, stor trivsel og eit godt tverrfagleg samarbeid i ein framoverlent organisasjon. 1. juni 2022 gjekk me inn i interkommunalt legevaktsamarbeid.

Hjå oss slepp du å ta ansvar for drift av legekontoret, finna din eigen vikar og me er gode til å finna løysninger dersom du treng ein dag fri.

Oppstart eller etter avtale.

Kvalifikasjonar

  • gjennomført Lis 1
  • god kunnskap om norsk lovverk

Personlege eigenskapar

  • interesse for allmennmedisin
  • evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Personlege eigenskapar og lokal tilknytning vert vektlagt.

    Politiattest

    Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

    Tilsetjingsvilkår

    Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.

    Create a job alert for this search

    Fastlege • varhaug, NO