Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Institutt for framandspråk
ArbeidsgiverUniversitetet i BergenStedChristiesgt. 18, 5020 Bergen
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Institutt for framandspråk
Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei fast 100% stilling som studiekonsulent. Hovudoppgåva i stillinga er å følgje opp fag og studentar ved instituttet. Tilsetjing 1. januar 2024 eller etter avtale.
Institutt for framandspråk har ni språkfag : arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. På desse faga blir det forska og undervist i disiplinar som språk, litteratur, fagdidaktikk og historie / kulturkunnskap. Staben ved instituttet har kring seksti fast vitskapleg tilsette, om lag tjue stipendiatar og postdoktorarar og elleve administrativt tilsette. Meir informasjon om instituttet ligg på .
Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet. Stillinga som studiekonsulent inngår i instituttadministrasjonen der administrasjonssjefen er dagleg leiar.
Dei fleste i administrasjonen arbeider på studiefeltet, og fagporteføljen er delt mellom studiekonsulentane slik at kvar studiekonsulent har ansvaret for eitt eller fleire av dei ni faga ved instituttet. Fagtilbodet strekkjer seg frå innføringsnivå og opp til master- og doktorgrad, og med innslag av vidareutdanningstilbod i tillegg til dei meir ordinære utdanningsprogramma.
Studiekonsulenten samarbeider nært med andre studieadministrativt tilsette ved instituttet og fakultetet og med fagkoordinator og andre undervisarar på faga. Arbeidet i studiegruppa ved instituttet blir leia av studieleiar.
Arbeidsoppgåver :
Stillinga har ansvaret for å følgje opp eitt eller fleire av faga ved instituttet studieadministrativt. Dette inkluderer m.a. følgjande oppgåver :
Det kan kome endringar i oppgåvene. Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver enn dei som i utgangspunktet er lagde inn i stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar :
Personlege eigenskapar blir lagt stor vekt på i tilsetjinga.
Vi tilbyr :
Generell informasjon :
Du kan få vite meir om stillinga om du kontaktar studieleiar Deirdre Smith på tlf. 55 58 39 69 eller e-post , eller administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på tlf. 55 58 22 81 eller e-post " rel="nofollow">
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida.
Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.
Nærare om tilsettingsprosessen .
Om arbeidsgiveren
ArbeidsgiverUniversitetet i BergenHjemmeside
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. og
Om stillingen
Stillingstittel : Studiekonsulent (seniorkonsulent)Antall stillinger : 1AnsettelsesformFastHeltid / deltidHeltidSektorOffentlig