Om arbeidsgiver :
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Om stillingen :
Vil du bli vår rådgjevar innan landbruk og mat?
NPI - Naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune
Om stillinga
Vi treng ein drivande rådgjevar i det viktige arbeidet med å fremje utvikling av landbruk og mat i Vestland. For den rette kandidaten kan vi tilby spanande oppgåver med å styrke innsatsen vår innan lokalprodusert mat og drikke.
Stillinga er i seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv. Dette er ein av fire fagseksjonar i vår avdeling for næring, plan og innovasjon. I vår seksjon er vi omlag 24 personar. Vi arbeider med oppgåver knytt til landbruk, reiseliv, utvikling av lokalsamfunn, havbruk og fiskeri, vassforvaltning, vilt og mineral. Gjennom arbeidet legg vi til rette for å forvalte naturressursane på ein god måte og utvikle samfunna våre.
Vi kan tilby gjevande oppgåver der du arbeider saman med gode kollegaer både i fylkeskommunen og blant samarbeidspartnarane våre. Du vil ha din arbeidsplass i fylkeshuset på Leikanger i Sogndal kommune.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere :
For den rette kandidaten kan det også vente spanande oppgåver innan ein styrka innsats på lokalprodusert mat og drikke :
Du vil samarbeide tett med kollegaer innan ulike fagområde i fylkeskommunen, og du vil ha god samhandling med samarbeidspartnarane våre. Innovasjon Norge, faglaga i landbruket, Statsforvaltaren si landbruksavdeling og kommunane er viktige samarbeidsaktørar. Temaplan landbruk er utarbeidd i samarbeid med desse aktørane, og set mål for arbeidet. Fylkeskommunen samlar denne partnerskapen til felles innsats for å utvikle landbruket i Vestland.
Kvalifikasjonar
Du som vert tilsett må ha :
Det er ein fordel om du har :
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som :
Vi tilbyr
Søk på stillingen via “Søk på stilling” - knappen på denne siden.
Vil Du • Leikanger, Norge