Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Tilkallingsvikar

Tilkallingsvikar

Vestnes kommunevestnes, NO
30+ dager siden
Jobbeskrivelse

Vestnes kommune

Tilkallingsvikar

Offentlig forvaltning

Stillingstype

Vi har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar ved Tomrefjord, Gardstunet barnehagar og Fiksdal barnehage. Det er ønskjeleg at du kan jobbe i alle 3 barnehagane men det stilles ikkje krav til det.

Arbeidsoppgåver

Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som :

  • medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
  • medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
  • medansvar for utviklingsarbeid
  • foreldresamarbeid
  • vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
  • vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa
  • praktisk arbeid og tilrettelegging

Kvalifikasjonar

Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og undomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte verte tilsett.

  • må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • må ha gode kommunikasjonsevne
  • Personlege eigenskapar

  • er aktiv og engasjert
  • har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
  • har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
  • er eit godt språkleg førebilete
  • er fleksibel
  • er stabil og ansvarsbevisst
  • har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
  • har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig
  • Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • løn i høve gjeldande avtaleverk
  • tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
  • kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
  • gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
  • Søknad

    Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

    Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje

    mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

    Søkjarlista kan bli offentleggjort.

    Tilsettingsvilkår

    Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.

    Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

    Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

    Referansar

    Oppgi referansar

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Tilkallingsvikar • vestnes, NO