Studiekonsulent (seniorkonsulent)
ArbeidsgiverUniversitetet i BergenStedThormøhlensgate 55, 5006 Bergen
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studiekonsulent
Vil du vere med på vidareutvikling av våre ettertrakta og samfunnsaktuelle studieprogram? Og kva med saksbehandling og rettleiing av våre mange dyktige informatikkstudentar? Då må du søke på Institutt for informatikk sin ledige stilling som studiekonsulent!
Som del av vår studieseksjon blir du med i eit solid og velfungerande lag med fem studiekonsulentar som jobbar direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for sakshandsaming, rettleiing og utvikling knytt til våre utdanningstilbod. Du blir også med i det godt etablerte nettverket for studieadministrative medarbeidarane ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet og dei andre tilhøyrande institutta.
Studiekonsulentane rapporterer til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen med til saman 13 medarbeidarar. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.
Om instituttet
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. I tillegg har vi Center for Data Science (CEDAS), Energy Informatics lab og ei eiga gruppe innan informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.- nivå.
På grunn av den sentrale rolla som informatikk spel i samfunnet, er instituttet stadig i vekst. Vi har nå om lag 1000 studentar og 150 tilsette, deriblant 34 professorar / førsteamanuensar
Arbeidsoppgåver
Du vil få varierte arbeidsoppgåver innan studieadministrasjonen, mellom anna :
Oppgåveporteføljen i stillinga kan verte endra over tid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du må ha :
Det er ein føremon om du også har :
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, mellom anna :
Vi kan tilby
Generell informasjon :
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til : til eller .
For HR relaterte spørsmål, kontakt .
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen .
Om arbeidsgiveren
ArbeidsgiverUniversitetet i BergenAdresseMuséplassen 1, 5007 BergenHjemmeside
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. og
Om stillingen
Stillingstittel : Studiekonsulent (seniorkonsulent)Antall stillinger : 1AnsettelsesformFastHeltid / deltidHeltidSektorOffentlig