Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Me søkjar fleire dyktige lærarar til skulane i Ål!

Me søkjar fleire dyktige lærarar til skulane i Ål!

Ål kommune Nedre-Ål skuleÅL, VIKEN, NORGE
30+ dager siden
Jobbeskrivelse

Me søkjar fleire dyktige lærarar til skulane i Ål!

ArbeidsgiverÅl kommune Nedre-Ål skuleStedSundrevegen 43-45, 3570 Ål

Me søkjer no etter fleire leikne og dyktige lærarar som kan tenkje seg å bli med på laget til Nedre-Ål og Skattebøl skule! Me har både faste og mellombelse 100% stillingar, og det er ønskeleg med snarast mogeleg oppstart.

Me treng deg som har godkjent lærarutdanning og som ønskjer å vere med å utvikle skulen vår vidare. Me ønskjer å finne nokon som har stort engasjement for elevane si læring, samt er nysgjerrig på å lære sjølv og likar å vere i utvikling. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen vår er : «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige».

Dei siste åra har det vorte arbeidd med ei stor IKT-satsing, Det er innført iPad til kvar elev og ny teknologi vert vektlagt i undervisninga. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn og trygg måte for å lære, skape og utforske. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Me oppfordrar både nyutdanna og erfarne lærarar til å søkje hjå oss!

Ønsket kvalifikasjonar

  • lærar med allmennlærarutdanning, GLU 1.-7 eller 5.-10 og / eller kompetanse i basisfaga
  • godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • kompetanse og erfaring med bruk av digitale verktøy

Arbeidsoppgåver

  • undervisning og tilrettelegging på 1.-7. trinn
  • leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
  • vere med å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • vere ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • samarbeid med kollegaer og andre instansar
  • kontaktlæraransvar kan bli aktuelt
  • Personlege eigenskapar

  • me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt
  • du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til å skape trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte
  • du kommuniserer godt og er i stand til å etablere gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • du ser verdien av å arbeida saman som eit lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring
  • du er positiv, fleksibel og løysningsorientert
  • du brenn for læraryrket og ønskjer å bidra til god læring for elevane
  • Me tilbyr

  • ein arbeidsplass med eit godt og utviklande arbeidsmiljø
  • humor og glede i kvardagen saman med gode elevar og kollegaer
  • ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
  • rettleiing for nytilsette / nyutdanna
  • hjelp til å finne bustad
  • kontaktlærartillegg
  • god ordning for etter- og vidareutdanning
  • fantastiske moglegheiter for friluftsliv og kulturliv
  • Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
  • Velkomen hjå oss som søkjar!

    Litt om skulene :

    Nedre-Ål skule er full av engasjerte folk som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel. Me har to-lærarmodell i alle fag på 1. og 2. trinn, og i norsk, engelsk og matte frå 3. trinn, samt solide fagarbeidarar og eit team med supre miljørettleiarar. Skulen har 229 elevar på 1.-7. trinn.

    Skattebøl skule er ein 1- 4 skule med 32 elevar. Me ligg lengst vest i kommunen, med fleire flotte uteområde som blir nytta i undervisninga til alle årstider. Personalet er innovative og har fokus på tilpassa opplæring.

    Link til søknadsskjema :

    Om arbeidsgiveren

    ArbeidsgiverÅl kommune Nedre-Ål skuleÅl kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. "Betre læring" er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv! Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!

    Om stillingen

    Antall stillinger : 2AnsettelsesformFastProsent100 %Heltid / deltidHeltidSektorOffentlig